Godt nytt år til deg!

2015 var eit spennande år der eg ikkje berre jobba åleine, men og i samarbeid med andre både nye og mindre bedrifter. Tre store leveransar av grafiske profilar sette sitt preg på året. Hyllestad kommune og Osland Havbruk har teke i bruk sine profilar, mens Østerbø Maskin sin er i innspurten i desse dagar.

hyllestad profil

Grafisk profil osland havbruk

 

Innspurt

ny sjef2016 er ferskt men allereie i innspurten. Her hos Kristin kommunikasjon tilset vi ikkje assistentar, vi «produserar» dei sjølv. Så i slutten av februar vil truleg ein splitter ny liten baby-assistent vere på plass. Gjennom året skal han nok få vere med mamma på jobb når det passar.

 

Ikkje heilt avlogga

Har du oppdrag og spennande prosjekt på gang, må du berre ta kontakt sjølv om permisjonslivet offisielt inntreff. Utover våren og sommaren er planen å vere i drift på deltid. Og elles skal vi alltids klare å løyse utfordringane dine på eine eller andre måten.

Kristin