Velg en side

Grafisk profil til Hyllestad kommune

Dette prosjektet vart levert gjennom eMal AS som leverandør og samarbeidspart. Hyllestad kommune ønskte å sette ting i system og framstå einsretta og profesjonelt i kommunikasjonen sin. Vi bygde på det som alt eksisterte og laga heilskap på tvers av ulike flater.

Logoen vart redesigna. Kommunevåpenet er tatt tilbake til opprinneleg oppsett etter at digitalisering hadde endra litt på kvernsteinane gjennom åra. Teksten er sett opp på ny måte og skal no alltid nyttast på denne måten når logoen vert brukt.

EMal var aktivt med i innleiiande rundar og som sparringpartner/prosjektstyrar gjennom prosjektet. KMK har stått for heile den grafiske utforminga.

Det er levert ferdige officemalar på brev, powerpoint osv. Ferdige filer på viktige rapportar/dokument. Profilhandbok med retningslinjer og eksempel.

  • Leveranse: Det er levert ferdige officemalar på brev, powerpoint,rapport osv. Ferdige filer på viktige rapportar/dokument. Profilhandbok med retningslinjer og eksempel.
  • Samarbeid: eMal AS
  • Levert: juli 2015
  • Kunde: eMal AS (Hyllestad kommune)