Tek du ofte bilete på farten på jobb som skal brukast på Facebook, Instagram eller nettside etterpå? Ved å følge desse enkle tipsa slepp du gjerne bli møtt med 🙄 frå slike folk som meg når du leverer dei ;).

Og hugs: det beste kameraet er det som er tilgjengeleg (det hjelp ikkje med speilrefleks heime i skuffa når motivet dukkar opp langs vegen).
Det viktigaste: ha det kjekt!

1 Bli kjend med kamera

Mobilen har eit godt kamera. Prøv ulike funksjonar og innstillingar.

  • Portrettfunksjon 
  • Vidvinkel (0,5)
  • Panorama

2 HMS

Sjekk at vanlege reglar er fulgt før du tek foto.

  • Hjelm? 
  • Vernebriller? 
  • Hanskar?

3 Rydd

Sjå deg rundt. Kva skal IKKJE vere med på bilete? 

  • Fjern kaffikoppen 
  • Flytt stigen
  • Fjern plankebitane

4 Motiv

Kva er det viktige? Ha gjerne med menneske på bilete.

  • Fokus på detaljar?
  • Overblikk og heilskap?

5 Bakgrunn

Best om den er 

  • Enkel 
  • Roleg 
  • Litt på avstand

Tips: portrett- og gruppefoto blir betre om folka tek nokre steg fram frå bakgrunnen. 

6 Format

Det trengs litt ulike oppsett til ulik bruk.

Ta gjerne foto som er både:

  • Ståande
  • Liggande

7 Synleg logo

Ha gjerne med ein logo i bilete slik at det blir knytt til bedrifta.

Eksempel: 

  • Klede 
  • Bil 
  • Brosjyre

8 Prosess

Ta bilete av prosessen i jobben din: 

  • Før
  • Undervegs
  • Ferdig

Kontakt oss

Kristin Myren

Kristin Myren

Dagleg leiar

Kristinkom AS
Ikjefjord 46, 5962 BJORDAL
E-POST: hei@kristinkom.no
MOB: 417 63 603