Var det noko fres? Ja, slett ikkje verst.

smakebitar august

Smakebitar frå august

Ferien var brått over og august baud på mykje gøy jobbing. I denne månaden har vi utforma marknadsplan og budsjett for sal av notvaskar. Fekk i den samanheng vere med på test i Mjølsvik og sett at den faktisk var akkurat så god som lova og fotograferte og laga den nye youtube-hiten «Slik vaskar du not enkelt raskt og grundig«.

Oppdaterte litt på sidene til Stordalenhytte.no og redda den frå «worpress white screen of death» lønnar seg med backup i orden..

Pakka ut t-skjortetrykkeriet mitt frå den store øskja som stod midt i stova heile sommaren (og nei, har ikkje spesielt stor stove..). Og sveiva i gang med trykking av messe-skjorter med logo til Østerbø Maskin og #åkrenipa669-tskjorter til Bjordal/Søreide idrettslag.

Fulgte den førstefødde til første skuldedag.

Elles har det vore ein del jobbing med firmapresentasjon, brosjyreoppdatering og engelske tekstar til ØM skulle på ONS 2014.

Ikjefjord.no er under arbeid, foreløbig som skisse. Men @ikjefjord har jamt og trutt blitt fyllt opp med bilete denne månaden på både facebook og instagram.

Sommaren vart avslutta med design av trykksaker til brukarmøtet 2014 til Kvalitetslosen i jubileumsåret. Gratulere med 10 år!