Kva gjer ho der Kristin på heile dagen framfor dataskjermen eigentleg? Surfar og kosar seg? Sin eigen sjef og greier? Her er ei oppsummering av kva eg har gjort i dag sånn ca. Kan vere det er litt ekstra dramatisert enkelte stader og det kan forekomme enkelte kunstneriske friheiter sidan dette er eit medium som skal underhalde og ikkje ein rein dokumentarserie. Med fare for å bli litt vel detaljert. Og så begynner vi…

06:03 Fylkesnytt bli momentant avbrutt til fordel for slumreknappen

06:14 Det er kaldt på golvet, finn ikkje tøflene (det er uansett hol i tøflene..)

07:44 Leverer første unge akkurat i tide på skulebussen med bilen parkert på skrå i naboen si innkjørsle (som vanleg)

08:14 Leverer unge nr to i barnehagen, hugsar å vinke på veg nedigjen til bilen

08:31 På kontoret på Østerbø (den andre Østerbø, 39 km unna den Østerbø der eg bur) Svarar på e-postar komne inn i gårkveld sidan eg bevilga meg fleire timar fri ein heilt vanleg måndagskveld. Tek tak i oppdrag som må utførast. Sjekkar sosiale medier for varsel, kommentarar som må følgast opp både privat og for kundar.

08:45 Oppdaterar nettsidene til nfts.no med nyhendesak og elles alt av plugins og diverse som er klar for fornying

09:15 Potensiell kunde ringer for å avtale møte i framtida

9:45 Oppdaterar info om traktoraggregat på osterbo.no, og tenker ut nokre andre kanalar dei kan marknadsførast i. Snart ny ladning på lager.

10:15 Fiksar diverse filer og foreløbig rammeverk til eMal. Sider som snart vert lansert..

12:01 LØNSJ – et mat og preikar skit

12:30 Nyt vinterveret på veg tilbake til kontoret. Flott!

12:50 Sender avgarde filene som vart neeesten klare før lunsj

12:55 Tenker at det er på tide å sei i frå til aktuelle kundar at eg kan trykke refleksvestar med logo om lokale bedrifter/lag treng dette. Eg likar refleks.

12:56 Blir oppringt av katalogselgar som ikkje kan skjønne kvifor kunden min ikkje skal ha ei eller anna dyr oppføring hos dei. Eg nektar å bekrefte noko som helst av opplysningar og seier høfleg adjø.

13:00 Gjennomgang av nettstatistikk for kunde.

13:15 Sjekk av Google-adwordskampanje. Justeringar i annonse og budsjett.

13:30 Møte med Østerbø Maskin. Gløymer meg og drikk to koppar kaffi. Får sprellekropp.

14:00 Pleier gå ein rask liten tur for å klarne hjernen. Trengtes ikkje i dag :)

15:00 Forbetrar landingssider, lagar dataark/flygeark, sjekkar vidare annonsemoglegheiter for kampanje.

15:05 Svarar positivt på spennande samarbeidsforslag

15:15 Tek ein jobbe-selfie. Ler litt av den og gløymer sende den til nokon.

16:02 Ojoj, hadde ikkje radioen på så gløymer nesten gå frå jobb. På tide å stikke og plukke opp kidza

20:35 Fakturerer og betalar rekningar. Administrerer og organsierer litt. Skriv blogginlegg. Blir litt sliten i armen. Deler innlegget i sosiale medier og loggar av for i dag.