I månadskiftet september/oktober har eg jobba med utforming av ny brosjyre for inn på tunet. Brosjyra er retta mot kjøparane av slike tenester, til dømes ein kommune eller annan offentleg eller privat organisasjon.

inn på tunet brosjyre

Kva er «inn på tunet»?

Tekst frå brosjyra:

«Inn på tunet (Ipt) er tilrettelagte og kvalitetssikra tenestetilbod på gardsbruk. Hovudmålet med eit Inn på tunet-tilbod er meistring, trivsel og vekst. Garden er ein stad der det finst eit breitt spekter av aktivitetar. Arbeidsoppgåver kan tilpassast dagsforma til brukaren av tenesta og gjev sosial trening, tilhøyrigheit og samspel. Gardbrukaren fungerer som arbeidsleiar eller praksislærar, eller berre den trygge vaksenpersonen.»

Er du gardbrukar, jobbar med , eller kjenner nokon som kunne hatt glede av eit slikt tilbod? Meir om dette finn du på nettsidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane >>