Siste dagane har eg trossa straumbrot med medfølgande manglande mobil- og nettdekning og fått klart utforminga på Hordaland fylkeskommune sitt budsjett for 2015. (Skulle visst hatt meg eit aldri so lite strømaggregat frå Østerbø Maskin..)

Mørkt

Eg var litt skeptisk ei stund når eg sat der i stummande mørke måndagskveld utan kommunikasjon med omverda sidan masta med telefon og nett berre har nødstraum i ca to timar. Men slik er det jo å drive eit firma frå verdens vakraste og beste gokk. Heldigvis fekk BKK på plass igjen alt i løpet av kvelden/natta. Og alt vart levert som planlagt.

budsjettframside

No kan du lese kva som blir prioritert innan samferdsel, vgs, kultur, tannhelse og regional utvikling i Hordaland kommande år her >>