Ferien er brått over og batteria er sånn omtrent opplada. Morgonen starta med striregn, trøtt familie og ei skummelt opplagt Kristin (her er skalaen av opplagt sett i forhold til andre familiemedlemmer og ikkje på generelt grunnlag). Når ein er sin eigen sjef er det jo strålande å komme på jobb igjen! (sånn omtrent i alle fall).
Har tatt turen frå heimekontoret og til distriktskontoret på Østerbø for å markere ein tydeleg ferieslutt. Heldigvis har eg nokre oppdrag å putle med dei første vekene, men skulle du lure på noko når det gjeld design, sosiale medium, nettsider eller trykking av tekstilar er det berre å ta kontakt :)