Ved å bestille produkt eller tenester frå Kristinkom AS, aksepterer du desse generelle kjøpsbetingelsane.
Rettar
Kunden ervervar bruksretten til produktet når siste faktura er betalt. Utover dette kan produktet ikkje endrast eller overdragast til andre utan samtykke frå KK.
KK beheld rettane til åndsverket. Forkasta utkast forblir KK sin eigedom. KK har rett til å bruke originalane og glimt frå prosessen i eigen marknadsføring. KK har rett til å bli namngitt på eksemplar av produktet i den grad, og på den måte som følgjer av god skikk innan bransjen.
Det kan vere eigne opphavsrettar og lisensar knytt til eksempelvis foto, tekst, illustrasjonar eller skrifter brukt i leveransen. Kunde har ansvar for at rettar rundt bruk er klarert.
Plikter
Partane skal lojalt samarbeide og medverke til gjennomføring av avtalen. Kontakt frå den andre parten skal svarast på utan ugrunna opphald. Partane skal vidare utan ugrunna opphald varsle kvarandre om forhold dei forstår eller bør forstå kan få betydning for gjennomføring av avtalen.
Begge partar plikter å innrette seg etter åndsverklova. Partane har teieplikt kring oppdraget og kvarandre sine forretningsmessige forhold.
For produkt gjeld også følgande reglar
Levering
Vi reserverer oss for nyanseforskjellar på farga produkt, samt at fargevisninga i katalogar, nettsider, skisser og bilete i visse tilfelle kan avvike frå dei verkelege fargane.
Frakt kjem i tillegg på ordre. Ordre leverast som standard komplett. Ved varelinjer lagerført i utlandet blir heile ordren sendt komplett. Ønsker kunde splitta levering kjem frakt pr. kolli i tillegg.
Vi tek atterhald om forseinkingar og utsette leveringstider grunna tollvesenet sin kontroll, mangel på transportmiddel eller andre uforutsette hendingar/force majeure. Dette er forseinkingar vi ikkje kan kontrollere og vi dekkar ikkje ekstrakostnader som måtte oppstå i forbindelse med dette.
Pris og betaling
Faktura ved levering. Førehandsbetaling ved manglande kredittvurdering. Forfall per fjorten dagar. Alle prisane er i norske kroner og ekskl. mva. Atterhald om trykkfeil i prisar og tekstar. Prisjustering kan førekomme. Atterhald om endringar og feil. Vi tar atterhald om prisjustering som en konsekvens av uforutsette og store valutasvingingar.
Spørsmål om faktura kan sendast til: faktura@kristinkom.no
SAL OG TILBOD
Tilboda gjeld berre varer lagerført i Norge, så sant ikkje anna er nemnt. Behaldning, fargar og størrelsar kan variere og vere avgrensa.
Reklamasjon
All reklamasjon må avtalast og godkjennast på førehand. E-post skal innehalde ordrenr, beskrivelse av feil og bilete av feilen. Reklamasjonar skal meldast til hei@kristinkom.no
RETUR AV VARER
Berre varer utan trykk/bearbeiding blir tatt i retur. Alle varer skal vere pakka i originalforpakning, originale tagger skal vere på produktet. Kopi av faktura og/eller ordrebekrefting/følgeseddel MÅ vere vedlagt.
Retur må skje innan 14 dagar frå fakturadato. Retur av produkt med fakturadato eldre enn 14 dagar, vil bli belasta med et returgebyr på 25%. Returar eldre enn 2 månedar vil bli belasta med returgebyr på 50%. Returar eldre enn 4 månadar vil ikkje bli kreditert, og blir tilbakesendt til kunde på kundens rekning. Varer frå Toppoint kan ikkje returnerast.
Frakt på retur betalast av avsendar. Varer som er gått ut av katalog blir ikkje behandla uansett fakturadato. All retur som ikkje overheld våre krav behandlast som ordre eldre enn 4 månader.
Sist oppdatert feb. 2024