Huhei kor det går! 1. oktober var det 6 mnd sidan eg satsa fulltid på eiga bedrift. Og status er at det går bra. Det ser ut som eg er liv laga og kan få dette til :) Jeee! Eg har fått jobbe med mange varierte oppgåver for kjekke kundar frå både næringslivet, organisasjonar og det offentlege.

collage oktober

Nettsider, marknadsplanar og grafisk formgjeving

Gjennom heile oktober har eg jobba med nye nettsider til sportsm.no og no er dei straks klare til lansering. Følg med!
Elles vart månaden kickstarta med oppsett av budsjettet til Hordaland fylkeskommune. Ei oppgåve med klare tidsfristar og stor grad av presisjon som kom i hamn trass straumbrot i innspurten.

Sidan vi har fått skulejente i hus var det i år tid for tidenes første haustferie (!). To dagar heilt utan pc og mac. To heile dagar! Det var litt skjønt.

Vi har gjennomgått marknadsplanar for Østerbø Maskin, og revidert desse for å sette inn støtet der det trengs. På tampen av månaden har eg laga layout på Strategi for innfartsparkering for Hordaland fylkeskommune. Og elles fiksa litt småting her og der.

Arrangement/Event

hos pensjonistlagetEg fekk ein svært hyggeleg førespurnad om å halde foredrag for Sørsida pensjonistlag om det å flytte heim. Hjelp! Skummelt! Men dette vart ein kjekk dag med ein driftig gjeng.

 

Gründerdag i Førde måtte eg få med meg. Ein inspirerande dag arrangert av Innovasjon Norge og samarbeidspartnarar og toppa med sjølvaste Anita Krohn Traaseth. (legg merke til at eg sit rett bak dei nominerte til årets gründerkvinne på Vestlandet…)

Innovasjon norge

Årets julegåve 2015!

Bileta frå Ikjefjorden gjennom 2014 resulterar i år i ein flott kalender i A3-format. Denne er på veg frå trykken no og kjem snart for bestilling via nett. Eller du kan rett og slett berre sende meg ein e-post her >> Prisen er 250 pr stk.kalender

Vidare framover då Kristin?

Tja, det går unna. Eg har nokre ting i ermet som snart vert lansert. Følg med!