For ca to år sidan bestemte vi oss for å flytte heim. Den sagnomsuste heimheim som vi snakka om i studietida. Staden som aldri slutta å vere heim sjølv om vi ikkje hadde budd der på 15 år. Her er nokre tankar vi gjorde oss før, undervegs og etter flyttings. Eit ganske så personleg innlegg frå sjefen her på bedriftsbloggen altså :)
Ein dag skal eg flytte…. ein vakker dag….
Eg har alltid vor nær knytta til Ikjefjorden og tenkt at ein dag skal eg flytte heim. Men når er ein dag? Det var i ferd med å bli «når eg er ferdig med studiane, jobba nokre år, gifta meg, fått nokre barn, sett dei vokse opp, ungane flytta ut, blitt pensjonist, såååå har eg kanskje tid til å flytte». For det kjennest ut som ein altfor stor jobb å skulle flytte på ein heil familie til «gokk».
Tanken låg i bakhovudet i mange år og vi snakka om det. Men landa på nei, vi hadde det jo heilt ok der vi var og. Kvifor skal vi då finne på noko heilt nytt? Vi kom til utdanning-jobb-leiligheit-barn-bryllup-barn nr to.. Og så vart kåken litt for trang og eg brukte ein heil permisjon på å vurdere om eg ville flytte barna mine til ei bygd utan jamaldringar. Vil dei vekse opp som einstøingar? Er det eigentleg så gale å vere einstøing? Nei det kan eg ikkje.. jo det går sikkert bra.. eller nei.
Du må berre prøve!
Men det som til slutt var utslagsgivande var tanken på at dette er vi berre nødt til å prøve, ellers vil vi angre resten av livet. Så då gjorde vi det. Bestemte oss. Vi må prøve dette. Flytte til Ikjefjorden. Vi hadde verken jobb eller hus i boks, men ved at vi sa planen høgt, ordna ting seg litt etter litt. Og ikkje minst: Utruleg befriande å ha bestemt seg (det vil nok gjelde same kva vi hadde bestemt oss for).
Frå jobben fekk eg eitt år permisjon, leilegheita selde vi. Det var ledig plass i barnehagen i Bjordal, vi fekk leige plass å bu og fekk pinadeg nokre retteleg lekre jobbar. I februar flytta vi. Det var avskjed på jobb, i barnehage, i nabolag, mange klumpar i halsen og våte augekrokar.
Men på den andre sida stod nokon å venta på oss. Som var glade for at vi flytta dit. Som brydde seg. Og i februar blir dagane stadig lysare, våren ventar rundt hjørnet og livet med sparsom vegbelysning blir stadig betre. Eg brukar like lang tid til jobb som før, men no er det endeleg langt nok til å få fråtrekk på skatten. Samtidig med oss flytta ein anna barnefamilie også til Ikjefjorden og dermed var leikekamerat i boks.
Status etter 1,5 år
No bur vi framleis i lånte fjør, men gard- og husdraumen er nærmare enn nokon gong. Ungane har trivst godt med å ha god uteplass og fann seg til rette i barnehagen med dei andre kule ungane. No er skulestart unnagjort, greit når vegen frå barnehage til skule er kort sidan dei ligg i same bygg. Barna kan vere med på aktivitetar både i Bjordal og Brekke på fritida (men er ikkje med på så mykje endå.).
Jobbmessig har det vore litt turbulent og til tider usikkert. Så det heile enda med at eg stifta mitt eige firma og syns i grunn det er ganske stas. Akkurat det steget var mykje lettare å ta her på ein liten plass enn det hadde vore i byen der du berre er ein i mengda. Med Kristin kommunikasjon kan eg sette dagsorden sjølv, jobbe med spennande kundar og interessante problemstillingar samtidig som eg må jobbe med å utvikle mi eiga bedrift. Fantastisk spennande og skummelt usikkert! Supre dagar!
Nokre gode og nokre dårlege ting med livet «på landet»
Dei små tinga…
- Du treng ikkje handlevognpolett på butikken
- Postmannen kjem faktisk og leverer ting på døra (eller langs vegen viss du er på tur), det opplevde eg aldri i byn. Noko som og gjer netthandel supert.
- Her er barn fødd i september like mykje verdt som alle andre. Sidan her er fare for ledige barnehageplassar
- Mørkeredsla mi er i ferd med å bli litt kurert. Neeeeesten..
- Vi får sett nesten alle barnefilmar som kjem på kino. For den dagen i månaden det er kino, då går du på kino. I byn kunne vi gå når som helst. Det viste seg å bli nesten aldri…
- Vi går på kafe mykje oftare enn tidlegare, Kafé Banken er gull verdt
- Men ting er så klart litt tungvindt. Det er litt langt til butikken og planlegging (og kjølebag) må til
- Du må bekymre deg for korleis barnehage og anna skal overleve om folketalet går ytterlegare ned
- Det blir ikkje meir moro enn du lagar sjølv, skal ungane få eit tilbod om aktivitet må du gjerne lage det sjølv
Du då?
Tenkjer du på å flytte heimheim? Eller kanskje kunne du tenkt deg å flytte til området her sjølv om det ikkje er heimheim? Du kan alltids sende ein e-post til meg om du treng lufte tankane dine rundt dette. For eg veit det er mange tankar og dei tek mykje krefter å halde styr på. Just do it!
Kristin