2014 starta vaklande og usikkert på jobbfronten, men utvikla seg til å bli eit spennande og kjekt år. 6. februar er det eitt år sidan eg etablerte dette fantastiske firmaet mitt, mens eg har drive på fulltid frå 1.april. Dette har nok lege litt latent i meg mens eg har jobba med design og nettsider/sosiale media i både offentleg sektor og privat næringsliv. For logoen, den var jo klar i 2005 etter eg var ferdig å studere.

Har gjennom året jobba med mange kjekke kundar, lært mykje, jobba mykje og kosa meg mykje – og nådd omsetningsmålet eg sette meg for første år! Jippi!

Ein stor takk til alle som har vore med og heia!

Her er liste over nokre av kundane våre >>

Kva i all verda er det du jobbar med eigentleg Kristin?

Eg fiksar snasne og proffe trykksaker, lagar gjennomtenkte marknadsplanar, formar nettsider. Trykker logo og anna på tekstilar. Gir deg tips og triks om sosiale medium eller kan ta ansvaret for oppfølging. Fiksar annonser i alt frå avis til Facebook og Google. Eller utformar ein komplett ny grafisk profil til deg. +++ Så det er berre å ta kontakt :)

Her kan du sjå smakebitar på noko av det eg har jobba med >>

2015 då? Blir det noko fres?

Oh ye! Eg gjekk inn i juleferien med jobb i boks til nokre få dagar på nyåret. Men første vekene fyllte seg raskt opp med oppdrag frå fleire kundar. Difor kjem denne årsskifte-oppdateringa gledeleg seint..

I 2015 satsar vi vidare (eg har lært av andre enkeltpersonsforetak at det er veldig viktig å konsekvent omtale seg sjølv i fleirtal..) Første mål var å sysselsette meg sjølv, noko som vart nådd i 2014. Då er det dags for å vidareutvikle forsvarleg drift. Fylle skallen med ny kunnskap. Hjelpe deg til å selge meir, bli meir synleg, nå ut med det du skal sei. Få eige lokale til trykkeriet mitt. Kanskje skape arbeidsplassar til fleire enn meg sjølv (samstundes hadde det såklart vore nyttig om klone-teknologien var kommen litt lenger enn i dag :)).

Snakkast!