Personvern

Adresse: Ikjefjord 46, 5962 BJORDAL
Føretaksnummer: 924542438 MVA

Nettstad: https://Kristinkom.no

Organisasjonen vår ved innehavar er behandlingsansvarleg for personopplysningar.

Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningsloven § 19, kap. 3, artikkel 13 – del 1) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 kap. 3, artikkel 13 – del 2).

Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det

Informasjonskapslar

kristinkom.no brukar informasjonskapsler (cookies). Ein infokapslar er ei fil som lagrast i nettlesaren din, og gjer at nettstaden kjenner igjen nettlesaren frå gang til gang. Både nettstaden og våre samarbeidspartnarar kan nytte infokapslar.

Vi brukar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

  • Registrere og berekne trafikk og bruksmønstre på nettstaden (statistikk), vi brukar Google Analytics
  • Gjere det muleg for nettstaden å kjenne igjen faste besøkande frå gang til gang og mellom nettstader
  • Tilpasse innhald og funksjonalitet på nettstaden
  • Utvikle og forbetre nettstaden
  • Ein infokapsel inneheld ingen personlig informasjon, og kan ikkje identifisere deg. Ved å gå inn på nettstaden samtykker du til at det lagrast infokapslar i nettlesaren din. Dersom du ikkje ønsker at dette lagrast, kan du endre innstillingane i nettlesaren. Du kan og slette eksisterande infokapslar. Dersom du vel å slette eller ikkje akseptere infokapslar kan du oppleve redusert funksjonalitet.
  • Her kan du gå inn for rettleiing viss du ynskjer å avvise cookies >> 

Google Analytics

Når du besøkjer denne nettstaden samlar vi inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics.

Kvifor? Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle nettsten.

Kva? Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.

Opplysningane vert behandla i avidentifisert og samankopla form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar (deg). Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre første gruppene i adressa vert bruk til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 217.149.115.178, vert berre 217.149.115.xxx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på samankobla nivå, det vil seie at all data vert slått saman til èi gruppe og ikkje behandla individuelt.

Eksempel på infokapslar

_ga: Vert sletta automatisk etter 2 år. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gid: Vert sletta automatisk etter 24 timar. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gat: Vert sletta automatisk etter 1 minutt. Vert brukt for å fordele trafikk/spørringar. Når Google Analytics vert distribuert via Google Tag Manager, vert denne informasjonen kalla _dc_gtm_

_gac_<property-id>: Vert sletta automatisk etter 90 dagar. Innheld kampanje info for brukaren. Når Google Analytics og Google Ads kontoane er lenkja saman.

Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Den inneheld ingen personlege opplysningar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Den går ut etter ein dag.

Kommentarar

Viss du legg inn ein kommentar i kommentarfelt samlar vi inn opplysningar i kommentarskjemaet, i tillegg til IP-adressa og opplysningar om nettlesaren.

Dette for å hindre søppelkommentarar. Kommentarar kan bli kontrollert gjennom ein automatisk attkjenningsteneste mot søppelkommentarar.  Ein anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressa di (også kalt en «hash») kan bli sendt til tenesta Gravatar for å undersøke om du har en konto der. Personvernerklæringa til Gravatar ligg her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommentaren din er godkjent, vil profilbildet ditt vere synleg for kven som helst i forbindelse med kommentaren din.

Media

Viss du lastar opp bilete til nettstaden bør du unngå å laste opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse data er fjerna kan dei som får tilgang til biletet kanskje kunne sjå kor og når biletet er teke, og kva kamera som er nytta.

Kontaktskjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden vert dei opplysningane du legg inn lagra så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale media osv.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.

Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing, og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

E-post og telefon

Organisasjonen vår nyttar e-post, nettbaserte prosjektverktøy og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Den tilsette som har dialogen med den som tek kontakt har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne samanhengen.

Den enkelte er ansvarleg for å slette meldingar og informasjon som ikkje lenger er aktuell, og minst kvart år gjennomgå og slette unødvendig innhald i e-postkassa. Om medarbeidaren sluttar vert epostkontoane til vedkomande sletta, men enkelte relevante e-postar vil normalt bli overført til kollegaer.

Ver merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Vi oppfordrar deg derfor til å ikkje sende teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post. Dette omfattar også brukarnamn og passord.

Telefonsamtalar (telefonnummer frå og til, og tidspunkt for samtalen) vert logga i anropslogg . Databehandlar er Telenor Norge AS.

Andre verktøy

Kven vi deler opplysningane dine med

På nettstaden nyttar vi informasjonskapslar for t.d. statistiske føremål.

Om du er kunde hos kristinkom.no lagrar vi informasjon om deg som kunde i ulike system. Ein del av desse vert også delt med rekneskapsføraren vår Sørsida Rekneskap AS. Dette omfattar namn på kontaktpersonar, fakturainformasjon, informasjon om kva tenester de abonnerer på, kva de har betalt m.m.

Rettigheitene dine når det gjeld opplysningar vi har om deg

Viss du har en konto på denne nettstaden eller har lagt igjen kommentarar, kan du be om å få ei eksportfil som inneheld personopplysningane vi har om deg. Dette omfatter all data du har gitt oss. Du kan og be om at vi sletter alle personopplysninger vi har om deg. Dette omfattar ikkje opplysningar vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.

Kontakt: Kristinkom AS: hei@kristinkom.no