Grafisk profil: Østerbø Maskin AS
Ny visuell profil for Østerbø Maskin AS. Dei har registrert Østerbø som marknadsføringsnamn og ønska ein profil som gjekk i retning av dette. Ø-en er valgt som hovudsymbol og laga på ein meir internasjonal måte samtidig som den er med på å understreke at dette er norsk. Eit attkjennbart symbol som etter ei stund med innarbeiding kan brukast åleine som kvalitetsmerke. Salgordet «Litande løysing» var på plass frå før og legg grunnlaget for kva oppleving kunden skal sitte igjen med. Her laga vi heile konseptet frå verdiar til visuelt konsept og ferdige produkt på ulike flater inkludert nettside.
- Element: Verdiar, logo, visuell profil, nettside, ferdige filer/malar på bl.anna: brev, faktura, visittkort, konvolutt, bil, merking av produkt, skilt, sosiale medium, brosjyrer, skjema, mappe, presentasjon osv
- Kunde: Østerbø Maskin AS
- Levert: Februar 2016, framleis supplering av nye element
- Vedlikehald og oppdatering av nettside