Logo og visuell profil Sørsida utvikling
Logo og visuell profil for Sørsida utvikling som viser retning og vilje. Med utgangspunkt i bokstaven S har vi laga ein logo som både er litt «laidback» og frampå. Grøn er hovudfarge med grå og oransje som støttefargar.
Sørsida utvikling har som formål å samle flest mogeleg av næringsdrivande, lag- og organisasjonar og andre for å:
- Gjennom prosjekt og tiltak bidra til samfunns- og næringsutvikling med mål om å utvikle heile Høyanger Sørside til eit meir attraktivt distrikt for innbyggarane, besøkande og næringsliv.
- Etablere møteplassar med mål om å skape samarbeid om utvikling, verdiskaping og lønsemd for det lokale næringsliv.
- Arbeide for å bidra til å regulere/tilrettelegge aktuelle areal for næring, bustader, hytte og friluftsaktivitetar.
- Kunde: Sørsida utvikling
- 2022