Ein liten tanke til saka som har vore oppe i media i Sogn og Fjordane i det siste:
Kvifor nyttar dei største bedriftene i fylket ikkje nynorsk på nettsidene sine? Eg har jobba med nynorske nettstader i fleire år og sett både dei positive og negative sidene ved å velge nynorsk på nett.
Identitet
På Østerbø Maskin AS hadde vi eit medvite val av å bruke nynorsk. Det er ein viktig del av identiteten til bedrifta og er med på å skilje bedrifta ut frå «røkla». Vi ønska og å bruke dette på nettsidene slik at kommunikasjonen framstod heilskapleg. Det var heilt sjølvsagt. Og eg vel bruke nynorsk på mine eigne sider her og. Men nokre spørsmål ligg og gneg i bakgrunnen: Kor lenge har vi råd til å ha nynorske nettsider? Kva pris er vi villeg til å betale?
SEO
For kva skjer med trafikken til nettsidene dine frå søkemotorar (Google) når du har nynorsk-sider? Jo, den stuper fint ned i dass… Kor mange gonger har du nynorskbrukar søkt på nynorsk? For meg sjølv er det sjeldan sidan eg er vandt med å få svært lite treff dei få gongene eg gjer det. Ein tilpassar seg fleirtalet. Sidan Google så vidt eg veit behandlar nynorsk og bokmål som to separate språk, ligg dei ikkje inne noko automatisk kobling mellom målformene med treff på tvers av dei.
For at kundar og andre målgrupper skal finne nettstaden din, er du i dag nødt til å vise i søkeresultat sidan dette vert meir og meir nytta nærmast som navigasjon. Ved bruk av nynorsk må du dermed jobbe ekstra hardt med optimalisering, innhald, språkbruk og gjerne betale for annonser for å komme høgt nok opp i resultat på viktige(bokmåls)ord.
Auka kostnader
For å bli funnen kan det difor vere aktuelt å ha nettsidene i to språkformer både nynorsk og bokmål. Dette fører til auka kostnader kring etablering og oppfølging. I tillegg vil ekstra tid og pengar brukt mot søkemotorane telje med og.
Stå saman
Men kva om vi alle køyrde på med nynorsk på nettsidene våre og tok kontakt med Google for å få på plass ei eller anna heftig algoritme som samkøyrde målformene våre? Då kan det jo pinadeg vere håp :) For eg nektar å gi opp nynorsken!