Den første haustmånaden starta med sommar i lufta (strengt tatt tippar eg her, er ikkje så god på å hugse vèr). Jobbmessig starta det med utvikling av marknadsplanar for produkt hos Østerbø Maskin.

Eg skreiv eit blogginnlegg om å flytte heimheim som ga «all time high» besøksstatistikk på mi vesle nettside. Over 1200 sidevisningar og 250 delingar i sosiale medier var litt uverkeleg. Men viser forhåpentlegvis at temaet fenga.

Ikjefjorden får seg forresten nye nettsider som og vart putla litt med denne månaden..

I midten av månaden gjekk to kontrakter i orden same dag! Dette førte til at eg nesten feira med kake. Eg tenkte i alle fall på kake.. Så i slutten av månaden har eg jobba med skisser til sportsm.no sine nye nettsider og brosjyre for tenesta Inn på tunet for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Pressemelding for den flotte nye notvaskaren til Østerbø Maskin vart og forfatta. Denne kom med på dei fleste bransjenettstadane.

Kristin med peng

No i byrjinga av oktober har eg fleire milliardar i hende… Kva dette skal bety kjem meir om litt seinare.